Vernepleieren 1-2024

12 VERNEPLEIEREN NR 1 - 2024 Eg vil driste meg til å seie at det er like mange syn på kva som er god hjelp som det er tal menneske i verda. - Kva er ditt inntrykk av vernepleierutdanningane? - Mitt inntrykk er at det er forskjell på vektlegginga av ei åtferdsanalytisk tilnærming. Det er en meir instrumentell tilnærming til hjelperolla enn det er på vestlandet (red. HVL). Utdanningsinstitusjonen eg gjekk på var Høgskulen i Bergen, no Høgskulen på Vestlandet. Brukarmedverknad, etisk refleksjon, bruk av tvang og makt – dette erfarte eg høgskulen var gode på. Dei var nok gode på mykje meir, men det er det som eg hugsar på ståande fot. Nokre vernepleiarar eg var i dialog med ein gong, hadde utdanninga si frå NTNU og der har dei ein meir vitskapleg og positivistisk bakgrunn, som til dømes åtferdsterapeutisk arbeid frå behaviorismen. Her er dei veldig gode på det – og ein kan sjølvsagt stille seg spørsmålet om det er universitet versus høgskule debatten som gjer skilnadane her, og ikkje utdanningane i seg sjølve. Det er mogleg at synet på kva eit godt liv er og kva læringsteoriar ein skal vektlegge, er prega av kva epistemisk forankring som ligg bak utdanningsinstitusjonane og faga studentane skal lære. Eg vil presisere at vektlegginga i seg sjølv ikkje er feil, men at ein må kunne ta fram dei ulike måtane å jobbe på ved dei ulike casane. Vegen til målet om myndiggjering, meistring og eit godt liv vert slik ulik – og det tenkjer eg er bra. - I ein artikkel på vernepleier. no skriv du at vernepleierprofesjonen er under press. Kva legg du i det? - Det eg meiner med press er både tid, mangel på fagfolk og økonomistyring. Presset eg også siktar til, er at eitt av hovudelementa som definerer ein profesjon, er grad av autonomi: ein må kunne ha nok rom til å utøve skjønn. Dette erfarer eg vert satt under press ved at ein ikkje får velje metode eller arbeidsmåte, men får det tildelt. Slik eg ser det, vert verktøykassa og den samansette fagkompetansen redusert då ein ikkje får rom til å tenke sjølv. Nokon eller noko anna gjer det for deg som fagperson. Ein skal absolutt stå til ansvar for det ein gjer i sitt yrke, men i tillegg til å utøve god omsorg, gode tenester med meir, må ein også dokumentere og rapportere det ein gjer. Dersom ein jobbar relasjonelt, på måtar som ikkje kan talfestast eller passe inn i det systemet som måler eller vurderer arbeidet til vernepleiarane, så vil kanskje måten å jobbe på vere ugyldig. Det er ikkje alt som kan talfestast, men erfaringar som ein må fortelje. Ein kan gjere mange stell og administrere medisin, men korleis pasientane eller tenestemotakarane erfarer det, kjem ikkje fram. Vi har også yrkesetiske ret- ningslinjer vi skal følgje og som skal rettleie oss, inkludert profesjonsetikk og profesjonsmoral. Då kjem eg fort inn på spenningsfelta i vernepleieprofesjonen som det ikkje er plass til å ta her, men som de gjerne må lese om i masteroppgåva mi. Det er eit spanande element i vernepleiarprofesjonen eg så vidt har pirka på, og eg håper det er fleire som også fattar interesse for denne kompleksiteten. (Med tittel Profesjonsidentiteten til vernepleiaren, red. anm.) - Du skriv også noko om at vernepleierutdanninga er diffus, på kva måte? - Vi vernepleiarar er ulike og jobbar ganske breitt: frå rus til geriatri. Det at eg skriv diffus handlar om at eg ser på vernepleieutdanninga frå perspektivet til «folk flest» og frå menneske eg har snakka med om vernepleieutdanninga. Hovudpoenget mitt er at vi lærer mykje om mange ulike fag, og slik vert vi generalistar når vi er ferdig utdanna. Dette kan erfarast som diffust då vi famnar om så mykje, både tenestemottakarar og oppgåver. Grunna at utdanningsinstitusjonane har ulik vektlegging på korleis ein skal jobbe som miljøterapeut, kan dette vere med på å gjere utdanninga diffus. Det som er verdt å presisere, er at vi jobbar systematisk via vernepleiaren sin arbeidsmodell, og i kontakt med tenestemottakarane kan vi ta fram ulike verktøy for å sikre gode tenester. Dette kan kanskje folk flest, oppleve som diffust: ein har ikkje berre ein måte å jobbe som verne- pleiar på; ein har fleire. Det som er så fint er at ein kan ta vidareutdanning dersom ein ynskjer å spisse sin kompetanse inn mot noko. Eg tenkjer det er bra at vernepleieutdanninga er samansett, men den skal ikkje vere diffus. Den er brei og det er ein grunn til det. Vi har samansette utfordringar hjå den enkelte tenestemottakar, og i samfunnet. Det meiner eg fører til at vi treng ein samansett fagkompetanse hjå vernepleieutdanninga. n Ein vernepleiar treng å kunne forsvare sitt arbeid fagleg, etisk og juridisk, slik som også sjukepleiarar og anna helsepersonell må gjere. Dette ville eg finne ut meir om. Rebekka Ulstein

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy