NR 1 - 2024 VERNEPLEIEREN 11 Rebekka Ulstein er vernepleiar med mastergrad. - Starten på mastergrada blei til ved at eg alltid har måtte svare på kva ein vernepleiar er eller gjer. Derfor ville eg sjå nærmare på profesjonsforsking og vidare profesjonsidentiteten til vernepleiaren. Å jobba med menneske er ikkje så tydeleg, du treng andre reiskapar enn ein urmakar eller bruteknikar. - Kan du seie litt om masterprosjektet ditt og kva som inspirerte det? - Vernepleieprofesjonen har så mange ulike fag og tradisjonar med seg at ein har miksa alt til ein ganske så god «smoothie» i mangel på eit betre bilde. Ein er litt spesialpedagog, litt jurist, litt sjukepleiar, litt saksbehandlar, litt fysioterapeut, ja du skjønar teikninga. Ein må kunne ein del om mykje, alt etter kven ein skal hjelpe. Då kan ein kanskje verte litt usikker på kven ein er som profesjonsutøvar. Eg undra meg også på kvifor vernepleiarar er så forskjellige? Kvifor har mandatet vårt endra seg og kvifor opplever eg at fleire tenkjer at «vernepleie» er utydeleg? Masterprosjektet handla derfor om å gå i saumane på vernepleiarutdanninga og historia vår, for å finne ut: Kva forsking finnast det om vernepleiarar? Kva tenkjer andre vernepleiarar om seg sjølve? Er det så utydeleg som nokon skal ha det til eller er det berre mangel på kunnskap? I ettertid har eg også erfart at mange sjukepleiarar er veldig forskjellige. Dei formar også seg etter kva arbeidsplass ein er på. Og ja, vi overlappar kvarandre på fleire oppgåver. Eg forstår at mange stiller spørsmål ved kva ein gjer for å hjelpe eit menneske som ikkje handlar om konkrete oppgåver som medisinhandtering, sårstell, personleg hygiene og blodprøver for å nemne nokre. Er ikkje resten ineffektivt arbeid og sløsing av tid – som er pengar? Er vernepleiarutdanninga så utydeleg som nokon skal ha det til, eller er det berre mangel på kunnskap? - Det er ikkje nok å ha ein god vilje eller ynskje om å gjere godt. Ein må ha kunnskap om tvang og makt, det som styrer vala våre og korleis vi påverkar kvarandre og omgjevnadane våre. Rebekka Ulstein (34) er vernepleiar frå Høgskulen på Vestlandet i Bergen (2010-2013). Utdanning: mastergrad frå Høgskulen i Volda, meistring og myndiggjering. Ho har skrive mastergrad om profesjonsidentiteten til vernepleiarar, og har jobba med personer med utviklingshemming, autisme og utfordrande åtferd, samt menneske med demenssjukdom. I dag er ho deltidsstudent på praktisk-pedagogisk utdanningyrkesfag i Volda. Foto: privat
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy